Gibraltar

Gå til: navigering, søk
[endre]
Gibraltar
   
Flag of Gibraltar.svg Coat of arms of Gibraltar Fortress and Key.png
Flagg Rikssegl
Kart
Status Britisk kronkoloni
Guvernør og øvstkommanderande
Sjefsminister
Adrian Johns
Fabian Picardo
Hovudstad Gibraltar
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

6,5 km²
Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 27 776 (2003)
ca. 4270/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .gi
Tidssone UTC +2
Internasjonal telefonkode +350 (utanom i Spania)
Nasjonalsong Gibraltar Anthem
God Save The Queen

Koordinatar: 36°07′N 5°21′W Gibraltar er ein kronkoloni som høyrer til det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Gibraltar ligg sørvest i Europa og grensar til sørkysten av Spania. Grenselengda er 1,2 km. Kystlinja er 12 km. Høgaste punkt er 426 m, på kalksteinsfjellet som utgjer mestedelen av Gibraltar. Gibraltar ligg på ein strategisk stad. Gibraltarsundet er eit smalt havstykke over til Afrika. Sundet bind saman Atlanterhavet med Middelhavet.

Namnet Gibraltar kjem frå arabisk جبل الطارق Ġabal al-Ṭāriq, som tyder «Ṭāriq-fjellet» (oppkalla etter feltherren Ṭāriq ibn Ziyād). Tidlegare kalla fønikarane det Calpe, ei av søylene til Herakles. I dag er Gibraltar òg kjent som «Gib» eller «the Rock».

Austsida av Gibraltar

Historie

Gibraltar vart overdrege til Storbritannia frå Spania i 1713 i høve til Utrechttraktata.

Formelt vart Gibraltar erklært britisk kronkoloni i 1830.

Der er halde to folkerøystingar, i 1967 og 2002, der gibraltararane hadde høve til å røysta om kva land Gibraltar skulle høyra til. Trass i stort spansk press røysta eit stort tal av folket på Gibraltar for framleis å vera under den britiske krona.

Folkesetnad

I juli 2004 hadde Gibraltar om lag 28.000 innbyggjarar frå fleire etniske grupper: Spanjolar, italienarar, engelskmenn, maltesarar, portugisarar, sefardiske jødar og andre. Dei fleste som bur på Gibraltar høyrer til den romersk-katolske kyrkja.

Styre

Gibraltar høyrer til det britiske samveldet som formelt vert representert av ein guvernør utpeika av den engelske krona.

Den praktiske lovgjevinga vert fastsett av eit lokalt råd. Rådet har 18 folkevalde medlemmer.

Bakgrunnsstoff

Grensa inn til Gibraltar, frå spansk side
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gibraltar
The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License. A link to the original article can be found here and attribution parties here. By using this site, you agree to the Terms of Use. Gpedia Ⓡ is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd.