Hjelp:Byrja ei ny side

Gå til: navigering, søk

Denne sida forklarer korleis du byrjar ei side på Wikipedia. Du kan òg lesa om korleis ein endrar ei side for ei grundigare utgreiing.

  • Starta ei side frå ein eksisterande peikar

Når du les artiklane på Wikipedia vil du sjå at nokre peikarar er raude. Desse peikar til sider som enno ikkje er skrivne.

  • Starta ei side ved å søka

Det kan hende at du søker etter eit ord eller omgrep og får melding om at dette ikkje finst. Då kan du oppretta artikkelen ved å trykka på den raude lenkja du får opp.

Den nye artikkelen

Begge desse metodane vil ta deg til ei side med ein tekstboks der du kan skriva artikkelen din. Før du tek til kan det vera lurt å sjå etter om ikkje artikkelen finst under eit anna namn. Dersom han gjer det, kan du laga omdirigering til den andre sida, eller flytta han dersom det nye namnet passar betre. Sjå Wikipedia:Retningsliner for korleis artiklar bør namngjevast. Det er berre registrerte brukarar som kan flytta artiklar.

Når du er ferdig, trykk på "Lagre"-knappen på botnen åt sida. Om du vil vita korleis artikkelen vert sjåande ut før du lagrar han, trykk på "Førehandsvis"-knappen.

Gjer artikkelen synleg

Prøv så godt du kan å binda saman den nye artikkelen med resten av nynorsk wikipedia. Prøv å laga lenkjer til han frå andre artiklar. Plasser han i ein passande kategori eller to. Merk han med {{spire}} dersom han er svært liten. Du kan òg lage interwikilenkjer til andre språk, og tilbake igjen til nn: frå desse artiklane.

The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License. A link to the original article can be found here and attribution parties here. By using this site, you agree to the Terms of Use. Gpedia Ⓡ is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd.