Hjelp:Endra ei side

Gå til: navigering, søk


Wikipedia har mange ulike måtar å gjera teksten meir lesbar og interaktiv på. Å leggja inn desse kodane i ein vanleg tekst kallar me wikifisering.

Grunnleggjande formatering

For å få til: Skriv: Slik vil det sjå ut:
Utheving '''Feit tekst''' Feit tekst
Kursiv ''Kursiv tekst'' Kursiv tekst
Lenkje Her er ei [[lenkje]]. Her er ei lenkje.
Overskrift = Stor overskrift =

== Mellomoverskrift ==

=== Lita overskrift ===

Stor overskrift

Mellomoverskrift

Lita overskrift

Lenkjer

Ein kan laga lenkjer av ord eller uttrykk som er interessante eller som kan trenga ei nærare forklaring. Dette gjer ein ved å setja firkantklammer rundt ordet som skal lenkjast:

Wikipedia er eit [[oppslagsverk]]
Wikipedia er eit oppslagsverk

Set du klammer rundt berre ein del av ordet, vil lenkja peika til denne delen. Dersom den ulenka delen kjem etter klammene, vil det framleis sjå ut som om dette ordet er ein del av lenkja:

Av snø kan ein laga [[snøball]]ar eller ei snø[[borg]].
Av snø kan ein laga snøballar eller ei snøborg.

Av og til ønskjer ein å lenkja til eit anna ord enn det som blir vist i teksten:

'''Norsk''' er eit [[germanske språk|nordgermansk]] språk.
Norsk er eit nordgermansk språk.

Bilde

Du kan lasta opp bilde og andre filer som er frie til å bruka, eller som du har opphavsrett på, og visa dei på sidene. Eit bilde kan heilt enkelt visast ved å skriva [[Fil:Bildenamn.jpg]]. For meir, sjå Hjelp:Visa bilete.

Hermeteikn

Nynorsk Wikipedia nyttar dei norske retningslinene for typografisk korrekt bruk av hermeteikn. Hermeteikna "..." er engelske (begge oppe) og skal ikkje brukast. For å få fram «, kan Windows-brukarar halda nede Alt-tasten samtidig som dei trykkjer 0171 og slepper opp tasten. For » trykkjer dei på same måte Alt+0187. Mac-brukarar lagar « ved hjelp av Alt+Shift+V og » med Alt+Shift+B, og Linux-brukarar held nede AltGr+z for å få « og AltGr+x for å få ».

Heile verk (bøker, aviser, dramatiske verk, CD-plater o.a.) skal stå i kursiv. Delverk (dikt, musikksatsar, noveller, artiklar o.a.) skal stå i hermeteikn. Skipsnamn har hermeteikn berre rundt «sjølve» namnet på norsk (USS «Enterprise»).

Norske bokstavar

Dersom du er i utlandet og ønskjer å skrive på Nynorsk Wikipedia, er det ikkje alltid du har tilgang til eit tastatur med Æ,Ø og Å. Windows-brukarar kan imidlertid få fram desse slik: æ = Alt+145, ø=Alt+0248, å=Alt+134, Æ=Alt+146, Ø=Alt+0216, Å=Alt+143. Du kan òg trykkje på dei norske teikna i boksen «Spesialteikn» nedanfor «Lagre»-knappen for å få dei fram.


The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License. A link to the original article can be found here and attribution parties here. By using this site, you agree to the Terms of Use. Gpedia Ⓡ is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd.