Gpedia:Utvald artikkel/2017

Gå til: navigering, søk
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 20042005200620072008200920102011201220132014201520162017


I dag er det laurdag, 21. januar 2017Oppdater sida


Veke 1
Kart over Syria

Syria er ein stat i Midtausten. Landet grensar til Libanon og Middelhavet i vest, Tyrkia i nord, Irak i aust, Jordan i sør og Israel i sørvest. Grensene med Israel (Golanhøgdene) og Tyrkia (İskenderun-regionen) er omstridde. Hovudstaden er Damaskus, ein av dei eldste permanent busette byane i verda. Landet består av frodige sletter, høge fjell og ørkenar, og er heimstad for mangfaldige etniske og religiøse grupper, som alawittar, sunni- og kristne arabarar, armenarar, assyrarar, drusar, kurdarar og tyrkarar. Sunni-arabarar utgjer den største folkegruppa i Syria.

Syria var tidlegare synonymt med Levanten. medan den moderne staten dekkjer fleire gamle kongedøme og rike. I den islamske tida vart Damaskus setet for Umayyade-kalifatet. Bashar al-Assad har vore president i landet sidan 2000 og tok over etter far sin, Hafez al-Assad, som var president frå 1970. Sidan mars 2011 har Syria vore innvikla i ein borgarkrig etter ei rekkje opprør mot Assad og ny-Ba'athist-styret. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Gravering av Gibraltar

Erobringa av Gibraltar av engelsk-nederlandske styrkar for Storalliansen skjedde mellom 1. og 3. august 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Sidan byrjinga av krigen hadde dei allierte sett seg om etter ei hamn på Den iberiske halvøya for å kontrollere Gibraltarsundet og nytta hamna for marineoperasjonar mot den franske flåten vest i Middelhavet. Etter å ha overtalt den portugisiske kongen om å bryte alliansen sin med Frankrike og Spania og alliere seg med Storalliansen kunne dei allierte flåtane drive felttog i Middelhavet med tilgang til hamna i Lisboa, og utføre operasjonar som støtta den austerrikske Habsburg-kandidaten til den spanske trona, erkehertug Karl.

Prins Georg av Hessen-Darmstadt representerte Habsburg i regionen. I juni 1704 mislukkast prinsen og admiral George Rooke, kommandanten til den største allierte flåten, å ta Barcelona for Karl. For å kompensere for mangelen på suksess avgjorde dei allierte kommandantane å gjere eit forsøk på å erobre Gibraltar, ein liten by på den spanske sørkysten. Etter kraftig bombardement og etter at britisk og nederlandske marinesoldatar og sjømenn gjekk i land, overgav guvernør Diego de Salinas Gibraltar og den vesle garnisonen den 3. august. Tre dagar seinare gjekk prins Georg inn i byen for Karl. I tilfelle Karl kom til å mislukkast i å avsetje Filip V som konge av Spania, skulle Gibraltar formelt avståast til Storbritannia med vilkåra i Utrecht-traktaten i 1713. Den dag i dag er Gibraltar framleis ein del av Storbritannia. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Terra Nova-ekspedisjonen på Sørpolen, 18. januar 1912

Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) var ein britisk polekspedisjon leia av Robert Falcon Scott. Ifølge han var hovudmålet å ta seg til Sørpolen for å sikre at det britiske imperiet fekk æra for prestasjonen. Scott og fire følgjesveinar nådde Sørpolen 17. januar 1912, men oppdaga at ein ekspedisjon leia av Roald Amundsen hadde vore der trettitre dagar tidlegare. På ferda tilbake til Cape Evans-basen omkom Scott og laget hans. Dagbøkene deira vart funne under eit søk etter sørpolgruppa åtte månader seinare, og dermed vart deltakarane si historie kjent.

På denne tida var Scott den mest erfarne leiaren av polarekspedisjonar i Storbritannia, og hadde leia Discovery-ekspedisjonen til Antarktis i 1901–04. Terra Nova-ekspedisjonen, oppkalla etter forsyningsskipet til ekspedisjonen, var eit privat initiativ finansiert med innsamla midlar og eit mindre statleg tilskot. Vidare hadde han støtte frå den britiske marinen som bidrog med erfarne sjøfolk, og frå Royal Geographical Society. I tillegg til målsetjinga om å nå Sørpolen, gjennomførte Scott òg eit omfattande vitskapeleg program, og utforska Victoria Land og Dei transantarktiske fjella. Eit forsøk på å ta seg i land for å utforske King Edward VII Land mislukkast derimot. Ei gruppe reiste òg til Cape Crozier i juni og juli 1911 midt under den strenge antarktiske vinteren. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Tina Turner

Tina Turner (fødd 26. november 1939 som Anna Mae Bullock) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, dansar og skodespelar. Ho har vore ein av dei mest populære underhaldningsartistane i verda og har fått kallenamnet «The Queen of Rock n Roll». Turner har blitt kalla den mest suksessrike kvinnelege rockeartisten, har vunne åtte Grammy-prisar og seld fleire konsertbillettar enn nokon annan artist i historia.

Ho starta musikkarrieren i midten av 1950-åra som ein songar i Ike Turner sitt Kings of Rhythm, og spelte først inn musikk i 1958 med namnet «Little Ann». Ho byrja først å bruke namnet Tina Turner i 1960 som medlem i Ike & Tina Turner Revue. Dei fekk suksess med ei rekkje kjende hittar, som «A Fool in Love», «River Deep – Mountain High» (1966), «Proud Mary» (1971) og den sjølvskrivne «Nutbush City Limits» (1973), med namn etter heimstaden hennar. Etter skilsmissen frå Ike Turner bygde ho opp att karrieren sin, men sleit i starten med å få suksess som soloartist. Tidleg i 1980-åra lanserte ho eit comeback med ei rekkje hittar, som starta i 1983 med «Let's Stay Together», etterfølgd i 1984 med det femte soloalbumet Private Dancer, som vart ein verdsomfattande suksess. «What's Love Got to Do with It», den mest suksessrike singelen frå albumet, vart seinare nytt som tittelen på ein biografisk film, basert på sjølvbiografien hennar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 5, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 6, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 7, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 8, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 9, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 10, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 11, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 12, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 13, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Ragnar Hovland

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar. Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.

Hovland er fødd i Bergen og voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn og var gymnastida i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo. Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Han skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk. Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin. I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 15, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 16, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 17, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 18, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 19, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 20, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 21, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 22, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 23, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 24, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 25, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 26, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Gpedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2017
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 20042005200620072008200920102011201220132014201520162017


I dag er det laurdag, 21. januar 2017Oppdater sida

The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License. A link to the original article can be found here and attribution parties here. By using this site, you agree to the Terms of Use. Gpedia Ⓡ is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd.