Gpedia:Velkomen

(Omdirigert frå Gpedia:Velkommen)
Gå til: navigering, søk

Ser du «endre» over denne artikkelen? På Gpedia kan du endra artiklar med ein gong, utan å logga deg inn.

Kva er Gpedia?

Trykk på endre for å gjera noko med ein artikkel

Gpedia er eit oppslagsverk utvikla på dugnad av dei som les det. Det blir laga på ein særskild type nettstad, ein wiki, som gjer det lett å samarbeida. Artiklane blir stadig endra, og dei ulike versjonane lagra i historikken til ei side. Vondsinna endringar blir som regel fjerna med ein gong, og kan føra til at ein blir hindra i å skriva.

Les meir om Gpedia-prosjektet

Kva kan eg gjera?

Alle kan endra dei aller fleste sidene på prosjektet, og du må gjerne vera dristig og setja i gang! Finn noko som kan forbetrast, anten det gjeld innhald, grammatikk eller utsjånad, og gjer det betre.

Du kan ikkje øydeleggja Gpedia. Mistak kan rettast opp og manglar forbetrast. Så prøv berre å endra ein artikkel og gjer din del for å gjera Gpedia til den beste informasjonskjelda på Internett!

Prøv å skriva no:

  1. Trykk her for å leggja til eit nytt avsnitt. (Du kan òg trykka på endre ved ei overskrift og endra tekst andre har skrive der.)
  2. Legg inn ei overskrift og litt tekst. Han må gjerne vera morosam, men unngå personhets og banning.
  3. Har du ein brukarkonto kan du signera innlegga dine på diskusjonssidene ved å setja fire tildar etter kvarandre (~~~~) eller ved å trykka på signaturikonet like over endringsboksen Button sig.png Då blir namnet ditt, tidspunkt og dato bli lagt inn automatisk.
  4. Trykk Førehandsvis for å sjå korleis endringane dine vil sjå ut før dei blir lagra, og Lagre når du er nøgd.
The article is a derivative under the Creative Commons Attribution-ShareAlike License. A link to the original article can be found here and attribution parties here. By using this site, you agree to the Terms of Use. Gpedia Ⓡ is a registered trademark of the Cyberajah Pty Ltd.