-stan

-stan (ـستان, stân) er eit persisk suffiks som tyder 'stad, staden til'[1] eller 'land'.[2] Det er ein del av namnet til mange område, særleg i Sentral- og Sør-Asia, men også i Kaukasus og Russland. Dette er område som historisk er blitt påverka av persisk kultur. Moderne land med -stan i namnet er Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Pakistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Eit lokalt namn på Armenia er «Hayastan», medan «Hindustan» er eit namn på India på urdu og persisk.
Orddelen kan også brukast meir generelt på persisk og på urdu i ord som rigestân (ریگستان) 'sand-stad, ørken'; Pakistan, 'reinleikslandet'; Hindustan, 'Indus-landet'; golestân (گلستان) 'blomestad, hage' og bengali koborstan (কবরস্থান, koborsthān) 'gravlund, gravstad'.
I norsk samanheng er endinga blitt brukt humoristisk i namn som «Langtvekkistan».
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «-stan» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: