Acerra
| Acerra | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Campania | ||
| Provins | Napoli | ||
| Høgd | 26 m | ||
| Areal | 54,71 km² | ||
| Folketal | 58 322 (1. januar 2023)[1] | ||
| Folketettleik | 821,02 / km² | ||
| Postnummer | 80011 | ||
| Retningsnummer | 081 | ||
Acerra 40°57′00″N 14°22′00″E / 40.95°N 14.366666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Acerra | |||
Acerra (latin Acerrae) er ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia med om lag 58 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordaust for Napoli, og er del av storbyområdet kring Napoli.
Historie
Acerra er ein av dei eldste byane i regionen og var truleg grunnlagd av oskarar med namnet Akeru. Han var den første byen i Den romerske republikken som fekk status civitas sine suffragio (332 fvt.).
Acerra vart øydelagd av Hannibal i 216 fvt., men bygd opp att 210 fvt.
Acerra var ein base for romarane under forbundsfellekrigen i 90 fvt.[2]
I juli 2005 vart det hevda at ein statue av Jomfru Maria i Peterskyrkja i byen flytta på seg og fekk ein rosa farge.[3]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.
- ↑ Canby, Courtlandt. The Encyclopedia of Historic Places. (New York: Facts of File Publicantions, 1984) s. 6
- ↑ «'Moving Madonna' draws faithful» (på engelsk). 26. juli 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Acerra» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.