Arade
| Arade | |||
| elv | |||
Munningen av Arade ved Portimão
| |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Algarve | ||
| Kommune | Silves, Portimão | ||
| Lengd | 75 km | ||
| Kjelde | Serra do Malhão | ||
| Munning | Portimão | ||
Arade 37°06′40″N 8°31′26″W / 37.111°N 8.524°W | |||
| Wikimedia Commons: Arade River | |||
Arade er ei elv i Algarve i Portugal. Ho har kjelda si i Caldeirãofjella og renn gjennom byen Silves. Arade munnar ut i Atlanterhavet ved byen Portimão.
Under Det portugisiske riket var Arade framkommeleg for skip heilt opp til Silves, der det låg ei viktig hamn, særleg for handel med kork. I dag kan berre mindre båtar nå så langt opp i elva.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Arade» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juni 2008.