Brda

Brda
elv
Moderne kornlager ved Brda i Bydgoszcz.
Land  Polen
Nedslagsfelt 4 627 km²
Lengd 238 km

Brda
54°01′57″N 17°04′39″E / 54.0325°N 17.0775°E / 54.0325; 17.0775
Wikimedia Commons: Brda

Brda (tysk Brahe, kasjubisk Brda) er ei elv nordvest i Polen og ei sideelv til Wisła. Ho er den 15. lengste elva i landet med ei lengd på 238 km og eit nedslagfelt på 4627 km².

Skipsfart

Brda er ein del av vassvegen Oder-Wisła og knyter desse to elvane saman via elvane Warta og Noteć og Bydgoszcz-kanalen. Vassvegen er framkommeleg for mellomstore elveprammar (av CEMT Klasse II), men med avgrensa amning.

Etter at EU har utvida austover kan vassvegen kome til å spele ei viktig rolle. Det er ei lenkje til Aust-Europa via Wisła, Narew, Bug, Mukhavets, Pripjat og Dnepr, men vassvegen er ikkje framkommeleg på grunn av ei demning nær Brest i Kviterussland.

Byar ved og nær Brda

  • Przechlewo
  • Konarzyny (tysk Konarschin (fram til første verdskrigen), Kunertsfeld (under andre verdskrigen), kasjubisk Kònarzënë)
  • Tuchola (tysk Tuchel)
  • Koronowo (tysk Krone, Polnisch Krone, Krone an der Brahe)
  • Bydgoszcz (tysk Bromberg)

Sjå òg

Kjelder