Bzipi
| Bzipi | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 1 510 km² | ||
| Lengd | 110 km | ||
| Middelvassføring | 96 m³/s | ||
| Kjelde | Store Kaukasus | ||
| • høgd | 2 300 moh. | ||
| Munning | Svartehavet | ||
Bzyb 43°17′28″N 40°46′42″E / 43.291155°N 40.778425°E | |||
| Wikimedia Commons: Bzyb River | |||
Bzipi (abkhasisk skrift Бзыҧ, georgisk ბზიფი, russisk Бзыбь) er den største elva i Abkhasia vest i Kaukasus. Ho renn nedover frå Store Kaukasus og ut i Svartehavet i to greiner. Ho har ei lengd på 110 km og eit nedslagsfelt på 1 510 km²
Bzybdalen går mellom fjellkjedene Bzipi, Gagra og nokre andre fjellkjeder i Store Kaukasus. Ein veg frå Svartehavet til den kjende innsjøen Ritsa går langs elva.
Elva er ei populær elv for kajakkpadling og rafting.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bzyb River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2007.
