Cavan

Cavan
An Cabán
by
Church of Ireland (til venstre) og Cathredal of St. Patrick and Felim (til høgre) i Cavan.
Land  Irland
Provins Ulster
Grevskap County Cavan

Cavan
53°59′28″N 7°21′36″W / 53.991019°N 7.360067°W / 53.991019; -7.360067
Wikimedia Commons: Cavan

Cavan (irsk An Cabán, tyder «Botnen») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Cavan og ligg nordaust i landet, ikkje langt frå grensa til Nord-Irland.

Mot slutten av 1800-talet vart byen eit jernbaneknutepunkt. I dag er stasjonen nedlagd, men byen har klart å halde på mykje av industrien. Cavan har òg nytt godt av fleire investeringsprogram som har trekt ny industri til byen.

Historie

O'Reilly-familien reiste eit slott i byen mot slutten av 1200-talet. Omtrent på same tid vart det oppretta eit fransiskanarkloster i området. På 1400-talet oppretta så Owen O'Reilly eit marked på staden, som trekte kjøpmenn frå Dublin og Drogheda. Byen fekk byrettar av Jakob I av England i 1610.

På byrjinga av 1800-talet kontrollerte Farnham-familien store delar av byen, og la ei ny, brei hovudgate som framleis har namn etter familien. Farnham House nordvest for byen er eit av dei største privathusa i grevskapet. Det vart truleg bygd i 1810, og vart teikna av Francis Johnston frå Dublin. I seinare tid er huset vorte ombygd til luksushotell.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Cavan