Chris

Countrysongaren Kris Kristofferson.
Christopher Kenneth Volstad, kjend som Chris Volstad, er ein amerikansk baseballspelar.

Chris eller Kris er førenamn og kortnamn for fleire ulike kvinne- og mannsnamn. Det kan vera ei kortform av namn som byrjar med Kris-, særleg Christopher, men også Christian, Christiane, Kristina og nærskylde namn. I Noreg er Chris mest utbreidd som mannsnamn.

Chris har namnedag den 15. mars.

Bruk

Kris er eit utbreidd namn i Belgia, der 0,23 % eller 11 878 menn heitte Kris i 2002.

Chris er utbreidd i USA. Bruken av Chris som døypenamn voks frå 1940-talet, og var mest brukt rundt 1960, då over 0,3 % av gutar og 0,05 % av jenter fødde i USA fekk namnet.

Chris var særs populært i Noreg rundt 1990, då over 2,5 % av nyfødde gutar fekk namnet. I Noreg var det 1 315 menn som heitte Chris og 112 som heitte Kris i 2009. 24 kvinner heitte Chris og 4 heitte Kris.

Namneberarar

  • Kris Kristofferson (f. 1936), amerikansk countrysongar og skodespelar
  • Chris Rea, eigentleg Christopher Anton Rea (f. 1951), britisk musikar
  • Chris Isaak, eigentleg Christopher Joseph Isaak (f. 1956), amerikansk musikar
  • Chris Lowe (f. 1959), britisk musikar, døypt Christopher
  • Chris Cornell (f. 1964), amerikansk musikar
  • Chris Penn (1965–2006), amerikansk skodespelar, døypt Christopher
  • Chris Rock eigentleg Christopher Julius Rock, (f. 1965), amerikansk komikar
  • Chris Pirillo (f. 1973), amerikansk TV-vert
  • Kris Marshall (f. 1973), engelsk skodespelar
  • Kris Freeman (f. 1980), amerikansk langrennsløpar
  • Chris Lee (f. 1982), norsk hip hop-artist
  • Chris Volstad, (f. 1986), amerikansk baseballspelar
  • Chris Brown (f. 1989), amerikansk hip hop/RnB-artist