Culross
|
Culross | ||
|---|---|---|
| skotsk-gælisk | Cuileann Ros | |
| Plassering | ||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Region | Fife | |
| Tradisjonelt grevskap | Fife | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
395 | |
| Koordinatar | 56°3′N 3°38′W / 56.050°N 3.633°W | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | 0 | |
| Telefon-retningsnummer | 0 0 | |
Culross er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 400 innbyggjarar. Han vart grunnlagt som ein hamneby ved Firth of Forth, ifølgje tradisjonen av sankt Serf på 400-talet. sankt Kentigern (òg kjent som sankt Mungo) skal ha vorte født der.
På 1500- og 1600-talet var byen eit sentrum for gruveindustri. I tillegg var saltkoking ein viktig næringsveg. Tydinga som hamneby bortfalt i stor grad i løpet av 1700-talet.
På 1900-talet vart det registrert at Culross har fleire unike historiske bygningar, og National Trust for Scotland har arbeidt for å verne desse, og eig fleire av dei. Blant bygningane er Culross Town House, ein tidlegare rettsbygning og fengsel; Culross Palace frå 1500-talet, Study frå 1600-talet og ruinane av klostret Culross Abbey frå 1200-talet.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Culross» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.
