Dongying

Dongying (kinesisk: 东营 ; pinyin: Dōngyíng) er eit byprefektur nord i provinsen Shandong i Kina. Byprefekturet, som ligg ved Gulehavet, har eit areal på 7 923 km² og litt over to millionar ibuarar i 2010. Dongying ligg i elvedeltaet til Huang He, der ho renn ut i Bohaibukta.
Byprefekturet Dongying omfattar to distrikt (区 qū) og tre fylke (县 xiàn).
Næring
Dongying har status som særsone for økonomisk utvikling. Byprefekturet omfattar størstedelen av Kinas nest største oljeområde, Shenglifeltet. Oljefeltet vart funne i 1964, nær landsbyen Dongying. Byprefekturet vart grunnlagt i 1983, som base for utvikling av oljefeltet og av deltaområdet til Huang He.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dongying» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2012.