Dornach
| Dornach | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | kantonen Solothurn | ||
| Distrikt | Dorneck | ||
| Språk | tysk | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
5,77 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember2010) - folketettleik |
6 299 1 091,7 /km² | ||
| Koordinatar | 47°29′0″N 7°37′0″E / 47.48333°N 7.61667°E | ||
| Høgd over havet | 338 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 4143 | ||
| Nettstad: www.dornach.ch | |||
Dornach er ein kommune i distriktet Dorneck i kantonen Solothurn i Sveits. Kommunen har 6 299 innbyggjarar (2010) og eit areal på 6 km². Kommunesenteret ligg 338 meter over havet. Dornach er hovudstad i distriktet (Bezirk). Kommunen er omkransa av kantonen Basel-Landschaft frå sørvest, mot vest og i nord.
Kommunen består av landsbyen Dornach, som igjen består av to landsbyar, Dornachdorf og Dornachbrugg. Dei to landsbyane voks saman mot slutten av 1800-talet.

Hovudsetet til den antroposofiske rørsla, Goetheanum, ligg i Dornach.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Dornach SO» frå Wikipedia på tysk, den 12. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
- Dornach på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
