Enz
| Enz | |||
| elv | |||
Jernbanebru over Enz i Bietigheim-Bissingen.
| |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 112 km | ||
| Kjelde | Schwarzwald | ||
| Munning | Neckar | ||
Enz 48°46′37″N 8°34′30″E / 48.776944444444°N 8.575°E | |||
| Wikimedia Commons: Enz | |||
Enz er ei elv i Baden-Württemberg i Tyskland, og ei av sideelvane til Neckar frå venstre med ei lengd på 112 km.
Ho har to kjeldeelvar, Litle Enz og Store Enz, som har sitt utspring nord i Schwarzwald, sistnemnde ved Enzklösterle. I Calmbach renn dei to elvane saman og dannar Enz. Elva renn så gjennom Neuenbürg og Pforzheim, der ho renn ut av Scwarzwald. Ho renn så gjennom byane Vaihingen og Bietigheim-Bissingen. Dei nedre delane av elva renn gjennom eit vindistrikt. Enz munnar ut i Neckar i Besigheim.
I tidlegare tider var Enz ei viktig elv for tømmerfløting.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Enz» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juni 2007.