Gap

Gap
by
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Provence-Alpes-Côte d'Azur
Departement Hautes-Alpes
Høgd 745 m
Areal 110,43 km²
Folketal 40 656 (1. januar 2022)
Tidssone CET
Postnummer 05000

Gap
44°33′31″N 6°04′40″E / 44.558611111111°N 6.0777777777778°E / 44.558611111111; 6.0777777777778
Wikimedia Commons: Gap (Hautes-Alpes)

Gap er ein by og kommune søraust i Frankrike, og préfecture (administrativt senter) i departementet Hautes-Alpes. Byen har kring 40 000 innbyggjarar.

Utsyn mot Gap.

Geografi

Gap ligg om lag 750 meter over havet ved den høgre breidda til elva Luye (like før ho munnar ut i Durance). Området rundt Gap vert kalla Gapençais.

Historie

Byen vart grunnlagd av gallarane. Den romerske keisaren Augustus erobra byen i 14 fvt. og han vart kjend som Vappincum. Namnet vart seinare korta ned til Vappum, og forma «Gap» er kjend frå 1200-talet.[1]

Napoelon drog bort frå Elba i februar 1815 og nådde Gap 15. mars med 40 ryttarar og 10 grenadarar. Her fekk han laga tusenvis av kopiar av kunngjeringane sine. Heile byen var til stades då Napoleon drog bort frå Gap.

Kjelder

  1. Dauzat, Albert; Rostaing, Charles (1979). Dictionnaire étymologique des noms de lieu en France [Etymological dictionary of placenames in France] (på fransk). Paris: Librairie Guénégaud. s. 310a. ISBN 2-85023-076-6. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Gap