Gevim
| Gevim | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nordvest-Negev | ||
| Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
| Kommune | Sha'ar HaNegev | ||
| Koordinatar | 31°30′27″N 34°35′55″E / 31.50750°N 34.59861°E | ||
| Folketal | 520 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1947 | ||
| • Grunnlagd av | Palmach-medlemmar | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Gevim 31°30′27″N 34°35′55″E / 31.5075°N 34.598611111111°E | |||
| Wikimedia Commons: Gevim | |||
Gevim (hebraisk skrift גֵּבִים, tyder Cisterner) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen nær Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 360 innbyggjarar.
Historie
Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 under namnet Sde Akiva. Grunnleggjarane var frå Palmach og hadde tidlegare vore medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed. Han tente som hovudkvarter for Det israelske forsvaret under den arabisk-israelske krigen i 1948, og fekk seinare namnet Gevim.
I 2000-åra vart kibbutzen fleire gonger råka av åtak med Qassam-rakettar, som gjorde skade på bygningar, medan to innbyggjarar fekk mindre skadar.
Galleri
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Gevim» frå Wikipedia på engelsk, den 12. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

