HARDtalk
| Type | fjernsynsserie, nyhetsprogram | ||
|---|---|---|---|
| Sjanger | Talkshow | ||
| Opphavsland | Storbritannia | ||
| Språk | engelsk | ||
| Skapar | BBC News | ||
| Kanal | BBC News, BBC World News | ||
HARDtalk er eit tv-program ifrå BBC som har eit halv time langt djupneintervju med eit intervjuobjekt. Det er rekna for å vere eit flaggskip innan BBC sin programproduksjon.
Det vert sendt fire dagar i veka (måndag til torsdag) på BBC World News og BBC News. Programmet starta i 1997, og mykje av kor kjent det er kjem av den globale sendingane til BBC World.
Tim Sebastian leia intervjua fram til tidleg i 2005. Ifrå 2006 var intervjuaren Stephen Sackur, som tidlegare var BBC sin korrespondent i Washington og Brussel. Han er ein erfaren intervjuar som har tidlegare grilla dei amerikanske presidentane George W. Bush og Bill Clinton. Til tider er det ein annan BBC-programleiar som tek over intervjua, som Zeinab Badawi, Jon Sopel, Lyse Doucet og Noel Thompson.
HARDtalk har hatt nokre av dei mest kjente personlegdomane i verda under grilling av Sebastian eller Sackur. Gjestar har vore presidenten i Pakistan Pervez Musharraf, presidenten i Sør-Afrika Thabo Mbeki, den malaysiske statsministeren Mahathir Mohamad og populærmusikaren Boy George.