Harduf
| Harduf | |||
| הרדוף | |||
| kibbutz | |||
| Namneopphav: Oleander | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nedre Galilea | ||
| Distrikt | Nord distrikt | ||
| Kommune | Jezreeldalen | ||
| Koordinatar | 32°45′48.6″N 35°10′25.67″E / 32.763500°N 35.1737972°E | ||
| Folketal | 1 117 (2021)[1] | ||
| Grunnlagd | 1982 | ||
| • Grunnlagd av | Jesaiah Ben-Aharon | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Harduf 32°45′49″N 35°10′26″E / 32.7635°N 35.173797222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Harduf | |||
Harduf (hebraisk הַרְדּוּף, tyder Oleander) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea og høyrer til Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 431.
Kibbutzen vart grunnlagd i 1982 av Jesaiah Ben-Aharon og andre følgjarar av Rudolf Steiner, og vart kalla opp etter oleanderplantene som veks i området. Kibbutzmedlemmane lever i høve til antroposofi-filosofi.[2] Harduf har fleire helsesenter: Beit Elisja, for rehabilitering av vaksne med spesialbehov, Tuvia-samfunnet for barn og ungdsom som er fjerna frå heimane sine og treng ein ny fosterfamilie, og Hiran, som prøver å hjelpe ungdom med kjenslemessige problem.[3]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Harduf» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2015.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 151. ISBN 965-7184-34-7. (he)
- ↑ Pinto, Goel (24. mai 2007). «Pioneers of an organic lifestyle». Haaretz. Henta 27. februar 2015.

