Hawaiisk
| Hawaiisk ʻōlelo Hawaiʻi | ||
| Klassifisering | Austronesisk Malayo-polynesisk Austleg Oseanisk Polynesisk Kjernepolynesisk Austpolynesisk Sentralt Markesisk Hawaiisk | |
| Bruk | ||
| Tala i | ||
| Hawaiisktalande i alt | 1 000[1] | |
| Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
| Språkkodar | ||
| ISO 639-2 | haw | |
| ISO 639-3 | haw | |
| Wikipedia på hawaiisk | ||
Hawaiisk er eit polynesisk språk som saman med engelsk er offisielt språk på Hawaii.[2] Hawaiisk har rundt 1 000 språkbrukarar, og er rekna som eit truga språk.[3] Dei fleste stader på Hawaii er språket blitt erstatta av engelsk som daglegspråk. Den privateigde, skjerma øya Niʻihau er eit unntak der dei rundt 130 innbyggjarane har hawaiisk som førstespråk.[4]
Talet på hawaiisktalane har minka frå rundt 37 000 ved byrjinga av 1900-talet til rundt 1 000, mange av desse eldre, ved byrjinga av 2000-talet. Dei siste tiåra har det vore aukande merksemd rundt hawaiisk, og det finst no skular som gjev språkopplæring i språket på Hawaii.
Ortografi
Ortografien for hawaiiisk vart uvikla av protestantiske misjonærar frå USA i 1820-1826. Den første versjonen av alfabetet inneheldt også dei stemte versjonane av konsonantrekka ( b, d, r, t, v), men dei vart erstatta av ein fonematisk analyse av språket. Alle vokalane representerer eit kort og eit langt fonem, lange vokalar er markert med makron (ā, ē, ī, ō, ū).
| Aa | Ee | Ii | Oo | Uu | Hh | Kk | Ll | Mm | Nn | Pp | Ww | ʻ |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| /a/ | /e/ | /i/ | /o/ | /u/ | /h/ | /k~t/ | /l/ | /m/ | /n/ | /p/ | /v~w/ | /ʔ/ |
Grammatikk
Fonologi
Konsonantar
Hawaiisk er kjend for å ha eit svært lite konsonantsystem: To nasalar, tre lukkelydar og tre sonorantar/frikativar, med andre ord eit system med åtte fonem i ei 3x3-matrise.
| Labial | Alveolar ~ Velar | Glottal | |
|---|---|---|---|
| Nasal | m | n | |
| Plosiv | p | t ~ k | ʔ |
| Frikativ ~ Sonorant | w ~ v | l | h |
Vokalar
Hawaiksk har verdas vanlegaste vokalsystem, femvokalsystemet /i - e - a - o - u/, med lengdeskilnad. For vokalane /e/ og /a/ skil dei korte og lange vokalane seg frå kvarandre også kvalitativt (lang [e:, a:], kort [ɛ ~ e, ɐ ~ ə ].
| fremre | midtre | bakre | |
|---|---|---|---|
| lukka | i | u | |
| halvopen | e | o | |
| open | a |
Diftongar
Hawaiisk har også diftongar, 10 lange og 6 korte.
Stavingsstrukturen i hawaiisk er (C)V(V).
Ordklasser
Hawaiisk er, som andre polynesiske språk, eit isolerande språk.
Det finst to ordklasser, innhaldsord og partiklar.
Hawaiisk uttrykker syntaktiske funksjonar ved hjelp av partiklar:
- ʻo markerer subjekt
- i eller ia markerer objekt
- ma markerer lokasjon
- a markerer skiljeleg genitiv
- o markerer uskiljeleg genitiv (kroppsdelar o.l.)
- e markerer agensfraser i passiv
- ē markerer vokativ
Ordstilling
Ordstillnga er VSO.
Nominalfrase
Tal og bestemtheit blir bestemt med ein partikkel.
| Singular | Plural | |
|---|---|---|
| bestemt | ka / ke (den, det) | nā (dei) |
| ubestemt | he (eit, ei, eit) | Ingen determinativ partikkel, evt. he mau |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hawaiiska» frå Wikipedia på svensk, den 27. mars 2012.
- Fotnotar
- ↑ Ethnologue-tal frå 1995
- ↑ Constitution of the state of Hawaii, Hawaii legislative reference bureau
- ↑ Hinton, Leanne; Hale, Kenneth (2001), The Green Book of Language Revitalization in Practice (på engelsk), Academic Press
- ↑ Elbert, Samuel H.; Pukui, Mary Kawena (1979), Hawaiian Grammar (på engelsk), Honolulu: The University Press of Hawaii, ISBN 0-8248-0494-5
Bakgrunnsstoff
- Hawaiian Arkivert 2010-12-30 ved Wayback Machine. - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA).