Hiddensee
| Hiddensee | |
|---|---|
Eit fyr på Hiddensee | |
| Geografi | |
| Stad | Austersjøen |
| Koordinatar | 54°32′N 13°6′E / 54.533°N 13.100°E
|
| Areal | 19,02 km²
|
| Høgaste punkt | Dornbusch (72 moh.)
|
| Administrasjon | |
| Land | Tyskland |
| Delstat Landkreis |
Mecklenburg-Vorpommern Rügen
|
| Demografi | |
| Folketal | 1 087 (2006) |
| Folketettleik | 57 /km² |
Hiddensee er ei bilfri øy i Austersjøen, vest for øya Rügen ved kysten av Tyskland.
Øya har like over 1 000 innbyggjarar og var ein populær feriestad for Aust-Tyskland, og er det framleis i dag. Her ligg mellom anna den ornitologiske stasjonen til Universitetet i Greifswald, medan Gerhart Hauptmann og Walter Felsenstein er gravlagd her.
Den tyske ekspressjonistiske målaren Walter Grammatté målte fleire bilete av øya. Dei heng for tida i Brücke Museum i Berlin.
Ei vandresoge under DDR-tida var at arbeidarar og bønder på øya skreiv brev til Stalin der dei kravde å verte annektert av Sverige (Hiddensee var ein del av Svensk Pommern i 1648-1815). Sjølvsagt var det ikkje noko i dette ryktet, men viser den typiske humoren folk hadde i DDR for å overleve den sosialistiske kvardagen.
Galleri
-
Satellittbilete av Hiddensee
-
Fyr på Hiddensee
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hiddensee» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mai 2007.