Isop
| Isop | |
Isop | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
| Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
| Underfamilie: | Nepetoideae |
| Stamme: | Mentheae |
| Slekt: | Hyssopus |
| Art: | Isop H. officinalis |
| Vitskapleg namn | |
| Hyssopus officinalis | |
Isop (Hyssopus officinalis) er ein plante i leppeblomfamilien som er blitt brukt til matlaging og urtemedisin.[1]
Isop dannar ein dvergbusk som blir 30–90 cm høg. Han har eggforma blad somer heile eller rundtanna. Bomane dannar lange aks i toppen av greinene. Dei er som regel blå,men kan også vera rosa eller kvite. Planten har ei stram krydderlukt.[1]
Planten stammar frå Sør-Europa og Vest-Asia. I oldtida blei han brukt i seremoniar, og ble i oldtiden brukt ved seremonier (nevnt i Bibelen), i nyere tid medisinsk. I folkemedisinen er isop blitt brukt mot nattesveitte, luftvegskatarr, gikt og magetrøbbel.[1]
Han er ein framandart som veks forvilla nokre stader i Noreg, på tørre bakkar og knausar.[1][2]
Blad og blomsar gjev ein bittersøt smak til sitrondrikk og kan også brukast i salatar og grønsaksupper. Urten tar bort transmak frå feit fisk, og er difor eit godt krydder for sild.[1]
Kjelder
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «isop» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 975.
Bakgrunnsstoff
- (no) Isop hos Artsdatabanken
- (en) Isop i Encyclopedia of Life
- (en) Isop i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Isop hos Dyntaxa
- (en) Isop hos ITIS
- (en) Isop hos NCBI
- (en) Isop hos The International Plant Names Index
- (en) Isop hos Tropicos
- (en) Kategori:Hyssopus officinalis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Hyssopus officinalis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Hyssopus officinalis – detaljert informasjon på Wikispecies