Joe Butler
| Joe Butler | |||
| Butler med The Lovin' Spoonful i Foxboro i Massachusetts, 13. januar 2011 | |||
| Fødd | 16. september 1941 (83 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Long Island i New York i USA | ||
| Fødenamn | Joseph Campbell Butler | ||
| Opphav | USA | ||
| Aktiv | Sidan 1964 | ||
| Sjanger | Rock, psykedelisk rock, pop | ||
| Instrument | Vokal, autoharpe, trommer, perkusjon | ||
| Tilknytte artistar | The Lovin' Spoonful | ||
| Plateselskap | Karma Sutra | ||
| Verka som | Musikar, skodespelar | ||
Joseph Campbell Butler (fødd 16. september 1941) er ein USA-amerikansk musikar som var ein av dei opphavlege medlemmane i The Lovin' Spoonful.[1]
Butler er både vokalist og trommeslagar. Han spelte i den originale oppsetjinga av Hair. Han spelte òg i rockeoperaen Soon i 1971. Butler var ein av dei opphavlege medlemmane i poprockbandet The Lovin' Spoonful. Han song solovokal på songane «You Baby», «Full Measure», «Never Going Back» og «Me About You» medan han var i The Spoonful.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Joe Butler» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Joe Butler på lovinspoonful.com