Kafroun
| Kafroun | |||
| الكفرون | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Guvernement | Tartous guvernement | ||
| Distrikt | Safita-distriktet | ||
| Nahiyah | Mashta al-Helu | ||
| Høgd | 550 moh. | ||
| Koordinatar | 34°51′N 36°14′E / 34.85°N 36.23°E | ||
| Folketal | 2 115 (2004)[1] | ||
| Tidssone | EET (UTC+3) | ||
Kafroun 34°51′N 36°14′E / 34.85°N 36.23°E | |||
| Wikimedia Commons: Al-Kafrun | |||
Kafroun eller Al-Kafroun (arabisk الكفرون) er ein gresk-ortodoks kristen by i Syria i Tartous guvernement. Han ligg kring 65 km frå byen Hims i An-Nusayriyahfjella, kring 550 meter over havet. Staden er ein populær feriestad om sommaren for lokale som ønskjr å sleppe unna dei høge temperaturane i låglandet. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Kafrun eit folketal på 2115 i 2004.[1]
Han er kjend for den årlege festivalen som feirar himmelfarten til Jomfru Maria den 15. august. Festivalen vert heldt på toppen av fjellet Jabal Al-Saideh.
Kafroun er fødestaden til den kjende syriske songaren George Wassouf.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kafroun» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement. (arabisk)

