Kovel
| Kovel | |||
| Ковель | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Volyn oblast | ||
| Rajon | Kovel bykommune | ||
| Koordinatar | 51°13′0″N 24°43′0″E / 51.21667°N 24.71667°E | ||
| Areal | 47,3 km² | ||
| Folketal | 65 777 (2009) | ||
| Folketettleik | 1 391 / km² | ||
| Grunnlagd | 1200-talet | ||
| • grunnlagd 2 | 1518 | ||
| Borgarmeister | Oleh Kinder[1] | ||
| Tidssone | EET (UTC+2) | ||
| • Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
| Postnummer | 45000 | ||
| Retningsnummer | +380 3352 | ||
Kovel 51°13′00″N 24°43′00″E / 51.216666666667°N 24.716666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kovel | |||
| Nettstad: Offisiel nettstad | |||
Kovel (ukrainsk og russisk Ковель, Kovel, polsk: Kowel, hebraisk: כהואל) er ein by i Volyn oblast (provins), nordvest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kovelskyj rajon (distrikt), medan byen sjølv er eit eige rajon i oblastetByen har kring 65 000 innbyggjarar.[2] Kovel har gjeve namn til ein av dei eldste runeinskripsjonane ein kjenner til, men denne vart tapt under andre verdskrigen.
Historie

Kovel (Kowel) vart først nemnd i 1310.[4] Han fekk byrettar frå den polske kongen Zygmunt Stary i 1518.[4] I 1547 vart Bona Sforza, den polske dronninga, eigaren av Kowel.[4]
Etter delingane av Polen fall byen til Det russiske imperiet for over hundre år. Under første verdskrigen var byen åstad for slaget ved Kovel mellom Sentralmaktene og Det russiske imperiet. I mellomkrigstida var Kovel senter for Kovel fylke i Volhyn voivodskap i Den polske republikken. I andre verdskrigen, etter den tyske invasjonen i Polen og den påfølgjande operasjon Barbarossa vart 18 000 jødar i Kovel myrda av tyskarane, hovudsakleg i august og september 1942. Seinare, i mars og april 1944, var det harde kampar mellom tyskarane og den raude armeen. I 1945 vart området ein del av Den ukrainske sovjetiske sosialistrepublikken. Han har vore ein del av det sjølvstendige Ukraina sidan 1991.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kovel» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Municipal official site på ukrainsk». Arkivert frå originalen 27. februar 2012. Henta 18. september 2012.
- ↑ «Supreme Council of Ukraine».
- ↑ Photograph from the Boris Feldblyum Collection
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Rąkowski, Grzegorz (2005). Wołyń. Pruszków: Oficyna Wydawnicza "Rewasz". s. 85. ISBN 83-89188-32-5.

