Masua
| Masua | |||
| moshav | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Jordandalen | ||
| Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
| Kommune | Bik'at HaYarden | ||
| Koordinatar | 32°06′47″N 35°29′27″E / 32.1130°N 35.4908°E | ||
| Folketal | 153 | ||
| Grunnlagd | 1969 | ||
| • Grunnlagd av | Nahal | ||
| Tilhøyrsle | HaOved HaTzioni | ||
Masua 32°06′47″N 35°29′27″E / 32.113°N 35.4908°E | |||
| Wikimedia Commons: Masua, Israel | |||
Masua (hebraisk skrift מַשּׂוּאָה, tyder 'Fakkel', arabisk مسواه), òg skrive som Massu'a, er ein moshav shitufi og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen med eit areal på 6 000 mål og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han 153 innbyggjarar.
Landsbyen vart grunnlagd i 1969 som ei Nahal-busetjing og vart omgjort til ein sivil moshav av ein HaOved HaTzioni-gar'in fem år seinare.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Masua» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.

