Mort
- Denne artikkelen handlar om karpefisken. For småsei, sjå sei.
| Mort | |
Mort | |
| Status | |
| Status i verda: | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Actinopteri |
| Orden: | Karpefisk Cypriniformes |
| Familie: | Karpefamilien Cyprinidae |
| Slekt: | Rutilus |
| Art: | Mort R. rutilus |
| Vitskapleg namn | |
| Rutilus rutilus | |
Mort (Rutilus rutilus) er ein ferskvass- og brakkvassfisk i karpefamilien.
Mort er ein fisk som ofte finst i store mengder i dei fleste elvene og innsjøane i låglandet i Søraust-Noreg. Han er lett å fange, men vert ikkje rekna som matfisk, og stort sett nytta til agn. Vanleg storleik er 15-25 centimeter og 200 gram, men morten kan i sjeldsynte høve verte over ein halv kilo. Morten er sylvblank med blågrå rygg og kvit underside; augo og finnane er raudlege, ryggfinnen er plassert rett over bukfinnane. Føda er insekt, plankton og algar. Gytetida er om våren, etter at temperaturen på vatnet er vorten 10-12 gradar. I elvemunningar kan det laga seg brakkvasstammer av mort, som vandrar opp i ferskvatn for å gyte. Gjedda tek mykje mort.