Muskel

Oppbygginga av tverrstripa muskelvev.

Muskel er ein av dei fire hovudvevtypane i kroppen og har i oppgåve å røra delar av kroppen og å flytta stoff rundt i han. Utan musklar ville me ikkje ha kunna røra på oss, og indre organ ville heller ikkje ha verka.

Det finst tre ulike typar muskelvev:

  • Tverrstripa muskelvev som er festa til skjelettet og får lemmane til å røre seg, og kan trøytna.
  • Hjartemuskelvev som finst i hjartet, verker av seg sjølv, og ikkje blir trøytt.
  • Glatt muskelvev som finst inni organ, som tarmane, halsen og blodårene, og ikkje blir trøytt.

Det er den førstnemnde typen me gjerne tenker på når me snakkar om musklar.