Nadderud stadion
| Nadderud Stadion | |||||
| Adresse | Gamle Ringeriksvei 61 1319 Bekkestua | ||||
| Eigar | Bærum kommune | ||||
| Drift | Stabæk Fotball | ||||
| Brukarar | Stabæk Fotball (fotball) IL Tyrving (friidrett) | ||||
| Underlag | Gras | ||||
| Kapasitet | 7 000 | ||||
| Historiske årstal | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Nadderud Stadion er ein fotball- og friidrettstadion i Bærum. Nadderud er heimebane for både Stabæks herrelag og kvinnelag. Publikumsrekorden er på 10 000 og vart sett mot Strømsgodset i cupen i 1970. Stadion ligg like ved Bekkestua sentrum, og i 2004 overtok Stabæk Fotball drifta av stadion frå Bærum kommune. Banen vart tidlegare òg brukt til bandy, til dømes vart bandyfinalen 1970 heldt her, dStrømsgodset slo Stabæk 3-1. I vintersesongane 1975/76 – 1979/80 vart det arrangert stemne for hurtigløp på skøyter her.
Stabæks herrelag flytta før 2009-sesongen frå Nadderud til den nyoppførte Telenor Arena på Fornebu. Klubben måtte derimot forlate Telenor Arena etter 2011-sesongen, og då vart det avgjort at Stabæk Fotball skulle spele heimekampane sine i 2012 på Nadderud Stadion.

Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Nadderud stadion» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2013.
59°55′16.561″N 10°34′52.345″E / 59.92126694°N 10.58120694°E