Nefelin
| Nefelin | |||
| | |||
| Generelt | |||
|---|---|---|---|
| Kategori | Silikatmineral | ||
| Kjemisk formel | (Na,K)AlSiO4 | ||
| Identifikasjon | |||
| Molekylvekt | 146,08 | ||
| Farge | Kvit, grå, brun, brunaktig grå, raudaktig kvit | ||
| Krystallform | Massiv korna til prismatisk | ||
| Krystallsystem | Heksagonal Romgruppe: P 63 | ||
| Tvilling | På [1010], [3365] og [1122] | ||
| Kløyv | [1010] dårleg | ||
| Brot | Undermuslig | ||
| Mohs hardleiksskala | 6 | ||
| Glans | glasaktig - feittete | ||
| Strekfarge | Kvit | ||
| Spesifikk vekt | 2,55–2,65, snitt = 2,59 | ||
| Optiske eigenskapar | |||
| Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
| Brytingsindeks | nω = 1,529–1,546 nε = 1,526–1,542 | ||
| Dobbeltbryting | δ = 0,003 - 0,004 | ||
| Andre eigenskapar | ikkje-radioaktiv, ikkje-magnetisk, ikkje-fluorescerande | ||
| Kjelder | [1][2][3] | ||
Nefelin, tidlegare kalla elæolitt, er eit vanlegvis grått til raudleg mineral med glas- til feittaktig glans, utan spalteretningar. Mineralet består av natrium-aluminiumsilikat, NaAlSiO4, med ein del kalium som erstattar natrium. Det er eit feltspatoid-mineral som blir danna i silikafattige bergartar (nefelinsyenitt, fonolitt). Nefelin vert omdanna forholdsvis lett til ulike zeolittar ved påverknad av hydrotermale løysingar.
Det finst i Noreg til dømes i bergarten lardalitt nord for Larvik og i pegmatittgangar ved Langesundsfjorden og på Stjernøya i Finnmark. Nefelin er eit viktig råstoff i glas- og porselensindustrien med nefelinsyenitt.
Kjelder
- Nefelin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/nefelin.
- ↑ http://webmineral.com/data/Nepheline.shtml Webmineral
- ↑ http://www.mindat.org/min-2880.html Mindat
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/nepheline.pdf Handbook of Mineralogi