Saman med Georges Braque utvikla han ein eigen målarstil, kubismen. Måleria hans er blitt verdskjende og blir selde for svært høge summar. Picasso skapte kunst i nesten 80 år, med ein anslått produksjon på over 20 000 verk. Dei best kjende måleria hans er Les Demoiselles d'Avignon (1907) og Guernica (1937).
Picasso var fødd i Málaga i Spania som Pablo Diego José Francisco de Paula Juan Nepomuceno María de los Remedios Cipriano de la Santísima Trinidad Ruiz y Picasso.[1]
Kjelder
↑McGregor, Tony (4. januar 2009). «Aimez-Vous Picasso?» (på engelsk). Quazen. Arkivert frå originalen 26. mars 2009. Henta 26. januar 2009.