Rabba
| Rabba | |||
| الربة | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| guvernement | Karak guvernement | ||
| Koordinatar | 31°16′N 35°44′E / 31.267°N 35.733°E | ||
| Folketal | 9 000 (2010) | ||
Rabba 31°16′00″N 35°44′00″E / 31.266666666667°N 35.733333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Rabba | |||
Rabba (arabisk الربة) er ein by i Jordan i Al Karak guvernement. Han ligg kring 15 km frå byen Karak og har kring 9 000 innbyggjarar.
Økonomi
Økonomien i Rabba er hovudsakleg basert på jordbruk, med avlingar som kveite og havre. Mange folk har òg sau og geit.
Geografi
Rabba ligg langs den historiske Kongevegen. Han på ei tynn, delvis frodig slette som glir over i Wadi Ibn Hammad i vest, og ørkenen i aust.
Historiske stader
Det ligg nabateiske ruinar i Rabba, langs hovudgata i sentrum av byen. Dei er eit tempel og eit reservoar. Det finst mange mindre ruinar spreidde rundt i byen.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rabba» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

