Rikke

Rikke er eit kvinnenamn av dansk opphav, danna som ei kortform av namn som inneheld rik, som Frederikke, Henrikke og Ulrikke. Namneleddet rik har opphav i det gammalhøgtyske ordet rihhi eller det urnordiske -rikiaR, som begge betyr 'mektig'. Andre former av namnet er Rica, Rieke, Rike, Rika, Rikka og Rekka.

Rikke har namnedag i Noreg den 24. mars.

I Danmark var Rikke mykje brukt for jentebarn fødde på 1970-talet.

Namneberarar

  • Rikke Schubart (f. 1966), dansk forfattar
  • Rikke Karlsen (f. 1968), norsk kunstnar
  • Rikke Lind (f. 1968), norsk politikar
  • Rikke Hvilshøj (f. 1970), dansk politikar

Oppdikta

Kjelder