Suez
| Suez, السويس | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Guvernement |
Egypt As Suways |
| Geografi | |
| Flatevidd | 250,400 km² |
| Innbyggjarar[1] - By (2006) |
510, 935 |
| Koordinatar | 29°58′N 32°32′E / 29.97°N 32.53°E |
| Høgd over havet | 5 m |
| Tidssone | EST (UTC +2) (UTC) |
| Diverse anna | |
| Heimeside: http://www.suez.gov.eg/ | |
Suez (arabisk السويس, as Suwais), er ein egyptisk hamneby som ligg inst i Suezbukta nord i Raudehavet. Suez er hovudstaden i guvernementet As Suways. Byen er kjend for Suezkanalen som knyter Raudehavet saman med Middelhavet. Kanalen tek til ved Suez og munnar ut i Middelhavet ved Port Said.
I Suez finst det mykje industri, m.a. oljeraffineri, sementfabrikk og kunstgjødselsfabrikk. Frå Suez er det ferjesamband til Jidda i Saudi-Arabia, og byen er difor viktig for muslimar på pilgrimsferd til Mekka. Jernbanen knyter Suez saman med Kairo, Ismaïlia og Port Said.
Kjelder
- «Suez» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 28. april 2012.
