Tommy

Tommy er ei engelsk kjæleform for Thomas som også er blitt brukt som eit døypenamn. Namnet er særleg utbreidd i USA, men er også vanleg i Skandinavia.

Tommy har norsk namnedag den 21. desember.

Bruk

Tommy var mykje brukt i Noreg på siste halvdel av 1900-talet, særleg i 1970-åra, då over 1,0 % av nyfødde gutar kunne kallast Tommy. I 2008 var det 9 256 norske menn som heitte Tommy og 79 som heitte Tommi.

Tommy i kulturen

  • «Tommy» eller «Tommy Atkins» er eit kallenamn for britiske soldatar brukt både innan den britiske hæren og utanfor.
  • I Noreg er teikneserien Calvin and Hobbes av Bill Watterson kjend som Tommy og Tigern.
  • Tommy er namnet på ein rockeopera av det engelske rockebandet The Who frå 1969.
  • Tommy og Annika er dei to venene til Pippi Langstrømpe i bøkene til Astrid Lindgren.

Kjende namneberarar

Kjelder