Torpo
| Torpo | |||
| tettstad | |||
Torpo stavkyrkje er frå mellomalderen og Torpo nye kyrkje er frå 1880. Bilete frå 1880-talet.
| |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Buskerud | ||
| Kommune | Ål | ||
| Areal | 0,72 km² | ||
| Folketal | 376 (2023) | ||
| Folketettleik | 522 / km² | ||
| Postnummer | 3579 TORPO | ||
Torpo 60°42′N 8°42′E / 60.7°N 8.7°E | |||
| Wikimedia Commons: Torpo | |||
Torpo er ein tettstad og eit sokn i Ål kommune i Hallingdal i Buskerud. Hallingdalselve renn gjennom Torpo, og jamsides med elva går Riksveg 7 på nordsida og Bergensbanen på sørsida.

Tettstaden Torpo har 376 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er opphavleg ein stasjonsby, sjølv om jernbanen ikkje lenger stoppar på stasjonen.
I Torpo sokn, som har omtrent 830 innbyggjarar (2013), finst to kyrkjer: Torpo stavkyrkje frå mellomalderen og Torpo nye kyrkje frå 1880.
Folk frå Torpo
Lausdansaren Martin Myhr er frå Torpo.
Folketalsutvikling
| Folketalsutvikling på tettstaden Torpo | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Innbyggjarar | |||
| 1950 | 203 | |||
| 1960 | 290 | |||
| 1970 | 242 | |||
| 1980 | 337 | |||
| 1990 | 417 | |||
| 2000 | 399 | |||
| 2009 | 405 | |||
| 2012 | 401 | |||
| Kjelder: | ||||