Tuzla
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tuzla (fleirtyding).
| Tuzla | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Andre namn | Tyзла | ||||
| |||||
| Styresmakter | |||||
| Land Kanton |
Bosnia-Hercegovina Tuzla | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd | 302,35 km² | ||||
| Innbyggjarar - Kommune (2013) - Byområde |
110 979[1] 74 457[1] | ||||
| Koordinatar | 44°32′17″N 18°40′34″E / 44.53806°N 18.67611°E | ||||
| Høgd over havet | 245, 225 m | ||||
| Diverse anna | |||||
| Telefon-retningsnummer | +387 35 | ||||
| Heimeside: www.tuzla.ba | |||||
| Plassering | |||||

Tuzla (bosnisk kyrillisk Тузла) er ein by[2] og ein kommune i kantonen Tuzla innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[3]
Tuzla er hovudsete i kantonen. Ved folketeljinga i 1991 hadde kommunen vel 110 000 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 75 000. Etter Sarajevo og Banja Luka er Tuzla den tredje største byen i Bosnia-Hercegovina.
Byen ligg norduast i landet og er kjend for sin omfattande framstilling av salt frå underjordiske gruver i under byen. Denne utnyttinga har ført til at byen bokstaveleg talt har søkke fleire meter i løpet av tiåra, og dette har igjen ført med seg, og fører framleis med seg, store materielle skadar. I det nyoppretta museumet Solni Trg er det utstilt fleire hundre år gamle reiskap som vart brukt i saltframstillinga, og andre ting som vitnar om at Tuzla vert rekna for å vere den byen med eldste kontinuerlege busetnad i Europa.
Eit av byen sine største kjennemerke er ein saltsjø i sentrum av byen. Dette er den einaste salte sjøen i Europa. Den 2. oktober 1943 vart Tuzla den største frigjorte byen i Europa til då. Under kommunismen i tidlegare Jugoslavia utvikla Tuzla seg til eit stort industrielt og kulturelt senter. Tuzla er òg kjend for å ha vore den mest multikulturelle og tolerante byen under Bosnia-krigen frå 1991 til 1994, og greidde å halde sitt etningske mangfald og samhald då alle andre byar langt på veg hadde tapt den kampen.
Folketal
Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]
| Folketal 1991 | Folketal 2013 | |
|---|---|---|
| Tuzla | 83 770 | 74 457 |
| Gornja Tuzla | 3 237 | 3 017 |
| Simin Han | 2 309 | 2 278 |
| Dobrnja | 1 898 | 1 966 |
| Čaklovići Gornji | 1 259 | 1 480 |
| Kommunen Tuzla | 131 402 | 110 979 |
Folk frå Tuzla
- Bruno Jovanovic, forfattar[4]
Kjelder
Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024.
- ↑ Žunić, Nihad (19. juli 2024). «Koliko je teško dobiti status grada u BiH i šta to konkretno znači». Klix.ba (på kroatisk). Henta 26. desember 2024.
- ↑ «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.
- ↑ Bruno Jovanovic. Cappelendamm.no. Vitja 24. august 2020
