Volda
| Volda | |||
| tettstad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Møre og Romsdal | ||
| Kommune | Volda | ||
| Areal | 3,78 km² | ||
| Folketal | 7 033 (2023) | ||
| Folketettleik | 1 861 / km² | ||
| Postnummer | 6100 VOLDA | ||
| Innbyggjarnamn | volding | ||
| Preposisjon | i Volda | ||
Volda 62°06′N 6°06′E / 62.1°N 6.1°E | |||
| Wikimedia Commons: Volda (village) | |||
Volda er ein tettstad og administrasjonssenteret i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden ligg på nordaustsida av Voldsfjorden og har 7 033 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Volda er eit lokalt skule-, administrasjons- og handelssentrum, med lærarutdanning frå 1861. Her ligg Høgskulen i Volda med avdelingar for lærarutdanning, humanistiske fag, samfunnsfag og mediefag, og Volda vidaregåande skule med varierte studieretningar.
I Volda ligg lokalsjukehuset Volda sjukehus og kontora for Søre Sunnmøre tingrett. Her står også Volda kyrkje, ei krosskyrkje frå 1932. Aust for tettstaden ligg Volda Skisenter. Avisa Møre kjem ut i Volda tre dagar i veka.
Frå Volda ferjekai i sentrum går det ferje over Voldsfjorden til Lauvstad på fylkesveg 652 og Folkestad på fylkesveg 651 (før 2012: E 39). På Hovden i Ørsta kommune, 5 kilometer frå Volda sentrum, ligg Ørsta/Volda lufthamn som er trafikkert av Widerøe.[1]
Bilete frå Volda
-
Volda sentrum
-
Utsyn over Volda sentrum
-
Ferje frå Volda til Folkestad
-
Distriktskontoret til Sunnmørsposten i Volda
-
Garvarbuda
Sjå òg
Kjelder
- ↑ «Volda». Store norske leksikon. 15. august 2016. Henta 7. september 2016.