Yashresh
| Yashresh | |||
| kibbutz | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Shephelah | ||
| Distrikt | Sentral | ||
| Kommune | Gezer | ||
| Koordinatar | 31°54′55.07″N 34°50′48.48″E / 31.9152972°N 34.8468000°E | ||
| Areal | 0,5 km² | ||
| Folketal | 983 (2021)[1] | ||
| Grunnlagd | 1950 | ||
| • Grunnlagd av | Marokkanske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Yashresh 31°54′55″N 34°50′48″E / 31.915297222222°N 34.8468°E | |||
| Wikimedia Commons: Yashresh | |||
Yashresh (hebraisk skrift יַשְׁרֵשׁ, tyder '[han] skal slå rot') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 3 km sør for Ramle. Moshaven dekkjer kring 500 dekar og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 770.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Marokko. Som nabostaden Yatzitz har han fått namn frå Jesaja 27:6;
I dagar som kjem, skal Jakob slå rot, Israel skal veksa og bløma og fylla jorda med grøde.[2]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Yashresh» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

