County Meath

Meath
An Mhí
county
Symbol
Land  Irland
Provins Leinster
Hovudstad Navan
Areal 2 342,0 km²
Folketal 194 942 (2016)
Bilnummer MG

County Meath
53°40′00″N 6°40′00″W / 53.666666666667°N 6.6666666666667°W / 53.666666666667; -6.6666666666667
Kart som viser County Meath.
Kart som viser County Meath.
Kart som viser County Meath.
Wikimedia Commons: County Meath

County Meath[a] er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsen Leinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.

County Meath grensar til Louth, Monaghan og Cavan i nord, Westmeath i vest, Kildare i sør og Dublin i aust. I tillegg har Meath kystlinje mot Irskesjøen.

I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevt utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.

Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.

I mellomalderen sat overkongen av Irland på Tara i Meath. Staden er derfor kulturelt viktig for irane. Ei anna viktig historisk stad er den 5000 år gamle gravstaden Newgrange, som er ein verdsarvstad.

Byar og landsbyar

Byar

  • Navan
  • Ashbourne
  • Trim
  • Kells

Landsbyar

  • Athboy
  • Ballivor, Bellewstown, Bettystown
  • Clonard, Clonee
  • Duleek, Dunboyne, Dunderry, Drumconrath, Dunshaughlin
  • Enfield
  • Gormanston
  • Julianstown, Kildalkey, Kilmessan
  • Laytown, Longwood
  • Mornington, Moynalty
  • Nobber
  • Oldcastle
  • Rathmolyon, Ratoath, Robinstown
  • Slane, Skryne, Summerhill

Merknader

  1. irsk Contae na Mí eller berre An Mhí, som tyder «midten»[1]

Kjelder

  1. «An Mhí». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 23. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: County Meath