Into the Blue
| Into the Blue Singel av Kylie Minogue frå albumet Kiss Me Once | ||
| B-side |
«Sparks» | |
|---|---|---|
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 27. januar 2014 | |
| Innspelt | 28. mai 2013 London i England | |
| Sjanger | Elektronisk danse, powerpop | |
| Lengd | 4:08 | |
| Selskap | Parlophone | |
| Komponist | Jacob Kasher, Kelly Sheehan, Mike Del Rio | |
| Låtskrivar(ar) | Kelly Sheehan Mike Del Rio Jacob Kasher | |
| Produsent | Mike Del Rio | |
| Kylie Minogue-kronologi | ||
| «Limpido» (2013) |
Into the Blue | «I Was Gonna Cancel» (2014)
|
«Into the Blue» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue. Den vart skriven av Kelly Sheehan, Jacob Kasher, og Mike Del Rio. Songen vart innspelt i London på den 45. fødselsdagen til Minogue i mai 2013, og vart utgjeven som den første singelen frå det tolvte studioalbumet hennar, Kiss Me Once (2014).
Listeplasseringar og sal
«Into the Blue» debuterte i Belgia på nummer 57 i Flandern og nummer 53 i Vallonia på Ultratip-listene. Songen nådde då tiandeplassen i Vallonia og var den første singelen av Minogue som nådde Top 10 på Ultratip sidan «Get Outta My Way» i 2010. Songen nådde 22. plass i Finland, 16. plass i Spania og nådde 19. plass i Ungarn.
«Into the Blue» nådde 46. plass i Australia med sal av 2 643 eksemplar, den første singelen frå albumet som ikkje nådde Topp 40 i landet. Songen fall ut av hitlistene på 96. plass med sal av 3 832 eksemplar i alt på to veker, og blei den mest mislukka førstesingelen hennar.
Songen vart utgjeven den 28. januar i Nord-Amerika og debuterte i USA på 39. plass på Dance/Electronic Digital Songs og 41. plass på Dance/Electronic Songs.[1] Songen debuterte på 52. plass på Hot Dance Club Songs og nådde seinare førsteplass den femte veka.[2]
Komposisjon
«Into the Blue» er ein elektronisk danse-song som inneheld instrumentering av synthesizer, keyboard og strengeinstrument. Teksten snakkar om å vere uavhengig, fri og lukkeleg.
Format og sporliste
|
|
Topplisteplasseringar
| Toppliste (2014) | Listeplassering |
|---|---|
| Australia (ARIA Charts) | 46 |
| Austerrike (Ö3 Austria Top 40) | 37 |
| Belgia (Ultratip Flandern) | 6 |
| Belgia (Ultratip Vallonia) | 3 |
| Finland (Suomen virallinen lista) | 22 |
| Frankrike (SNEP) | 70 |
| Tyskland (Media Control Charts) | 31 |
| Ungarn (Rádiós Top 40) | 12 |
| Unkari (Mahasz) | 19 |
| Irland (Irish Singles Chart) | 9 |
| Italia (FIMI) | 11 |
| Japan (Japan Hot 100) | 11 |
| Luxemburg (Radio Luxembourg) | 40 |
| Kroatia (Croatian Airplay Chart) | 4 |
| Spania (PROMUSICAE) | 16 |
| Skottland (Official Charts Company) | 10 |
| Sveits (Schweizer Hitparade) | 32 |
| Storbritannia (UK Singles Chart) | 12 |
| USA (Hot Dance Club Songs) | 4 |
| USA (Dance/Electronic Songs) | 26 |
Utgjevingshistorie
| Land | Dato | Format |
|---|---|---|
| Australia | 27. januar 2014 | Digital download |
| New Zealand | ||
| Australia | 28. januar 2014 | Remix EP |
| Tyskland | 7. mars 2014 | CD, digital download |
| Austerrike | ||
| Sveits | ||
| Irland | ||
| Storbritannia | 9. mars 2014 | |
| Canada | 11. mars 2014 | Remix EP |
| USA | 1. april 2014 | Digital download |
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Into the Blue (Kylie Minogue song)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2014.
- ↑ «Daft Punk Darts Up Dance Charts Post-Grammys». Billboard. 7. februar 2014. Henta 11. february 2014.
- ↑ «Dance Club Songs». Billboard. 6. mars 2014. Henta 9. mars 2014.