Keida
| Keida | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Vestbreidda | ||
| Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
| Koordinatar | 32°2′58.78″N 35°20′26.6″E / 32.0496611°N 35.340722°E | ||
Keida 32°02′59″N 35°20′27″E / 32.04966111°N 35.34072222°E | |||
| Wikimedia Commons: Kida | |||
Keida (hebraisk skrift קידה) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda kalla opp etter ein blom som veks i regionen. Han ligg ein fem minuttars køyretur aust for Shilo. Andre israelske landsbyar i området er Shvut Rachel, Giv'at Har'el, Esh Kodesh og Adei Ad. Keida vart grunnlagd den 24. juni 2003 som eit fellesprosjekt mellom organisasjonen Amana og Yesha-rådet.[1] I 2009 budde det 25 familiar her.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Keida» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ קידה
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.
Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettstad
(he)

