Mitzpe Hagit
| Mitzpe Hagit | |||
| מצפה חגית | |||
| utpost | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
| Kommune | Mateh Binyamin | ||
| Koordinatar | 31°51′5″N 35°20′17″E / 31.85139°N 35.33806°E | ||
| Grunnlagd | 1999 | ||
| • Grunnlagd av | innbyggjarar frå Kfar Adumim | ||
Mitzpe Hagit 31°51′05″N 35°20′17″E / 31.85138889°N 35.33805556°E | |||
Mitzpe Hagit (hebraisk skrift מצפה חגית, tyder Hagit-utposten) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg nær busetjinga Kfar Adumim og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. Han er heimstad for kring 25 familiar.
Utposten vart grunnlagd i 1999 av familiar frå Kfar Adumim, og vart kalla opp etter Hagit Zavitsky, ein innbyggjar i Kfar Adumim som vart drepen i Wadi Qelt i 1997.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Mitzpe Hagit» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.

